Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Mambo Compañeros på Førdefestivalen

7th July 2021 @ 9:00 pm - 10:30 pm

Trondheim­baserte Mambo Compañeros har spesialisert seg på musikk frå Cuba og Latin­ Amerika, og leverer herleg driv frå øvste hylle i salsa/tropical­sjangeren. Det er lett bli riven med når dei dreg i gang både mambo, cha­-cha, tima, bolero og merenguelåtar som sjølvsagt får det til å rykke i dansefoten hos mange, men som du også blir lukkeleg av å lytte til. Etter meir enn 500 konsertar i inn og utland har dei opparbeidd seg eit solid rykte blant eit musikkelskande publikum, og dans eller ikkje, Mambo Compañeros gjev oss festmusikk frå byrjing til slutt!

Arrangementet har 18 års aldersgrense.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no

KONSERTOGDANS

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19. Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre. Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast kun om arrangementet avlysast. Arrangøren tek atterhald om dei til einkvar tid gjeldande restriksjonar og påbod for kulturarrangement. Om restriksjonar eller påbod krev at arrangementet må gjennomførast med eit lågare publikumsantal enn selde billettar, vil me prioritera dei som fyrst kjøpte billett.

Details

Date:
7th July 2021
Time:
9:00 pm - 10:30 pm
Website:
https://fordefestivalen.ticketco.events/no/nb/e/mambo_companeros/vbRvsjsw5w